tirsdag 14. september 2010

ROSA, EG LIKAR BERRE TING NÅR DEI ER ROSA



Hei hei, her er eg med min nye leppestift, som er rosa. Det synast ikkje så godt gitt, og den kunne gjerne ha vore både eit og to hakk meir pink, men men. Eg er fortsatt sjuk, men eg bestemte meg for å gå ein liten tur ut allikevel. Så etter å ha greid ut alle dreadsane mine frå bakhouvdet og klint på litt rosa leppestift, gjekk eg, Helene og Jeanette til Dronningparken for å drikke kaffe. Det var så varmt at eg måtte ta av meg jakka. Her er dei;


Helene, ho som er frå Bergen som eg så vidt nevnte i forrige innlegg, studerar moteledelse og det kan ein sjå på lang avstand. Og det er sjølvsagt meint som eit kompliment, og ho har eit accessoriesskap som er heaven og det tenkjer eg at dykk skal få sjå ein gong.

Etter parken gjekk eg og Morten, for han møtte eg plutselig ja, på ein italiensk restaurant borti høgget her, og det var så fint. Det var som å vera i Italia, berre i Frankrike sidan eg er der i tankane mine heile tida, for ei lita stund. Og når vi gjekk ut av restauranten åpna himmelen seg som ei bøtta og det regna så mykje at eg vart gjennomblaut på dei to straksane det tar å gå heim. I morgon skal eg på jobbintervju klokka åtte så eg må nok hoppa i loppekassen no. Men kva har ein liksom på seg når ein først skal på jobbintervju, så rett på jobb for så på skulen etterpå? Hm.

Kva skal ein forresten med hage når ein har så mange fine parkar rett rundt hjørnet?
PS: dette ble nesten som ein motepost, eg lovar at det ikkje skal skje igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar