onsdag 12. januar 2011

rakettar

eg snurrar rundt og rundt og rundt. rundt i den nye kjolen min. rundt og rundt medan eg kan høyre små smell, små smell som lagar fargar på himmelen, som gjer at me alle bevegar på hodet og ser opp. står og ser på den same himmelen, på dei same fargane. eg snurrar rundt og rundt heilt til eg dett om. ned på golvet. eg ligg på golvet. på rygg. eg har finkjolen på, og håret som eg akkurat har lagt blir knust mot golvet. eg ligg under ventilen, og rakettane som skytas opp, ein og ein, mot himmelen, høyres så godt at eg nesten kan sjå dei, der eg ligg på golvet, og ser opp i taket. eg skjønnar at klokka har slått tolv, for lyden av ein blir til mange. og eg ka sjå før meg smila og latteren, og hender som møtes. men her ligg eg. for alt er berre surr, og det hjelper ikkje å prøve å snurra det bort, for da dett ein berre, og surret er her framleis. så eg ligg her på rygg, medan klokka slår tolv og hender møtes og alle ser på same sky. og han eg eigentleg vil kyssa godt nyttår held armana rundt nokon andre. så sovnar eg og etter kvart blir mange til ein, ein blir til ingen, og skuddane døyr sakte ut.

7 kommentarer:

  1. fint
    men eg likte <>
    hvor ble det av?

    SvarSlett
  2. >> og etter kvart blir mange til ein og ein blir til ingen <<

    SvarSlett
  3. de mener at jeg hadde det først? eg hadd kanskje det? innleggsgreia klikka og det eg hadd skreve meir på for bort, så det vart det første eg skreiv uten endringer, fordi eg vart så sint når bloggern ikke villa sammarbeid. i will fiks.

    SvarSlett
  4. ja ellers hadde jeg innbilt meg det men tror ikke det

    SvarSlett
  5. men da forsto jeg dem rett, og eg trur heller ikke du innbilt deg det. kva gjer du på ein sådan torsdagskveld? ska du ikke svar meg på mailen forresten?

    SvarSlett
  6. joo jaa sorry eg e så utroleg "busy"
    men no e eg syk så snart kommer det svar
    eg lovar

    SvarSlett