her på øya drikk me te tre gongar om dagen, spiser knekkebrød med jarlsberg ost, dansar til outkast og hey ya, gjør yoga og er så stive at me går som chaplin på vegen heim, seier hei til alle me møtar, gruar oss litt til første dag på jobben, lurar på kva i alle dagar dei som bor under held på med ettersom det med tider og stunder høyres ut som om dei bor over oss, sitt på stua og ser på snøen og regnet og vinden og den blå himmelen samtidig og på ferga som kjem no og da med dei ein og to og tre og kanskje fire bilane som stig av. det gjer me her på øya.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar