Av og til brukar eg å drøyme om gutar. Spesielt desse som eg kjenner, eller har kjent for den saks skyld. I forrige uke drøymte eg om min mr. p og eg vakna sjølvsagt og var hysterisk forelska og fortvila. Sånn som det berre brukar å vera. Eg står allikevel opp, sminkar meg, går til Solli plass som skal ta meg vidare til jobben og trur at det her berre skal gå over sånn som det vanligvis gjer. Men det er då du ser på meg. Og eg døyr litt inni meg. Det er jo deg, p. Det går eit søkk igjennom meg. Du sitt på trikken. Eg står utanfor og ser inn. Du ser at eg ser på deg, og du gjer meg eit blikk, eit sånn som berre du kan gje meg før du snur deg igjen. Etter nokre sekundar, og ein del panikk, forstår eg at det ikkje er deg, men det som må vera din ukjente tvilling. For me har jo alle ein? Eg kan puste letta ut, sjølv om eg ikkje klarar heilt å la vera å sjå på deg. Så eg ser på deg heilt til trikken din begynnar å rulle igjen. Også står eg der, midt i Oslo, og tenkjer på deg når det var akkurat det eg ikkje skulle gjere. Faen.
Eg veit John Olav seier at me "ikkje skal fåkke med kjærligheiten", men gutar, fuck you! Sjølv om John Olav er ikkje så verst då..

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar