LAURDAG:
På laurdag var eg ikkje ferdig på jobb før klokka fire og var relativt sliten etter det, men sia Morten vart tjue-ein same dag, hadde eg ikkje tid til det. Så da for me ut for å spise sushi, og etterpå gjekk me på kino for å sjå sjukt lykkelig. Jæskla fint. Etter det la eg meg i fosterstilling mot høgre, og våkna elleve timar etterpå, fortsatt i fosterstilling mot høgre.
Etter eg hadd kommet meg opp frå fosterstillinga, dro Morten, Kristine og eg på Kolonihagen for å eta frokost. Det var veldig fullt der, så me gjekk fort igjen. Etterpå trikka me til Grønland for å gå på Oslo Mekaniske. Og åpent bakeri, Kafè sør og heile balletten kan ta seg ein bolle, for fy så koseleg det var der! Me satt der i fleire timar, leste avisar og spelte spel. Så gjekk me heimover, kjøpte kinesisk og vorsa før me for vidare på Crystal Castles konsert. Ho hadde knekt ankelen og måtte egentleig avlyse, men ho kom på allikevel og det var så heilt fantastisk, sjukt bra. Eg berre dansa og lukka øya mens alle favorittane mine kom på rekke og rad. Fy faen. Heilt vanvittig bra helg, Oslo du har vore snill. Ps. Det kjem ein video, må berre få lasta den opp fyrst. Pps. Her er den, og dykk må berre unnskylde for at eg nokon gong ristar kamera litt mykje, men eg klarte ikkje la vere med å danse.
nice
SvarSlettbtw: u r 2 cool 4 school
(he he)
P.S. grattis med vel overstått morty