fredag 5. november 2010

haust og regn, ein mann med stresskoffert på veg til jobb


Når lauvet treff bakken, og alt ein vil er å kasta det opp i lufta mange gonger medan ein ser for seg livet i sakte film, ein fin film. Når folk tullar seg litt ekstra inn i store skjerf og vottar i håp om å ikkje frysa på i halvsøvne på vegen til jobb. Når ein gardist går litt ekstra fram og tilbake sånn berre for å halde varmen kanskje. Når det regner ute og du veit at du sikkert er den einaste som ikkje har noko i mot det og du går der og smilar før deg sjølv medan Ulrich Schnauss gjer dagen enno beire inni øyret ditt. Å leite fram vinterjakka, bruke den nokre dagar før været plutseleg berre bestemmer seg for at det ikkje skal vera vinter riktig enno. Når snøen treff bakken, men ikkje vil legge seg allikevel. Når sola skinn og ein kan sitte ute på kafe, da er det haust i Oslo. Haust i november. Og haust i byen min. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar