I natt draumte eg noko forferdeleg. Noko så forferdeleg at eg våkna av at eg grein. Eg har aldri i heile mitt liv, i alle fall som eg kan hugse, våkna av mine eigne tårar. Ikkje trur eg at eg nokon gong har følt meg så sårbar og lita heller. Det gjorde så utruleg, utruleg vondt. I heile dag har eg gått å tenk på draumen, og hjarte mitt har fått eit stort hol i seg. Når eg satt på jobb å sjekka varenummer medan eg høyrte på Sigur Ròs, måtte eg ta meg sjølv i å ikkje begynna å grine igjen. Og når eg gjekk heim frå jobb, var det akkurat som om alle kunne sjå at hjarte mitt ikkje hadde det noko bra, så da måtte eg sjå ned i marka for å ikkje begynna å grine igjen då også.
Men eg har det bra altså. Det var berre den draumen. Så til alle saman som les, til deg Lara, eg er glad i dykk. Det er så viktig å hugse på å seie det nok. Kjærleik kan ein ikkje få nok av. Ein kan faktisk dø av for lite av den. Hugs det, fine folk! Kjærleik til dykk alle.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar